Info Eat Move Sleep Naustdal

Bendit Cup endra navn og konsept i 2016 til Eat Move Sleep. Klubbane som vart tildelt Eat Move Sleep forplikta seg også å være Eat Move Sleep Ambassadør for heile året. Dette inneber blant anna at klubben skal ha fokus på sunne verdier heile fotballsesongen, med fokus på god og sunn kost i kiosk og andre salsplasser på kamper og treningar. I tillegg skal klubben ha fokus på nok kvile og søvn for utøvarane, samt nok aktivitet tilpassa kvar enkelt.

Tambar Fotball vart utnemt til Eat Move Sleep Ambassadør desember 2015, og var Ambassadør i 2016. Vi arrangerte vår første Eat Move Sleep Cup på Naustdal stadion 1-2 oktober 2016.

Med Eat Move Sleep konseptet kan vi tilby fleire spennande varer i kiosk og salstelt, i tillegg til fleire aktiviteter rundt om på kamparenaen. 
Kampar og klasser går som tidligare då navnet var Bendit Cup :)

Tambarskjelvar Fotball har arrangert Bendit Cup kvart år sidan 2007. Det fyrste året gjekk cupen på grusbana på Naustdal stadion. I 2008 kunne vi invitere laga til Bendit Cup på ei flunkande ny kunstgrasbane, noko både vi og alle tilreisande lag var svært nøgde med.

Bendit Cup er eit arrangement i samarbeid med BAMA, SFFK og arrangørklubben. Samarbeidspartnerene har fokus på Fair Play og sunne matvaner blandt unge fotballspelarar. Difor har vi lagt inn Fair Play-helsing for fotballspelarane før og/eller etter kamp. På Naustdal stadion har vi fleire stader utsalg av frukt og andre sunne produkt frå BAMA til ein rimeleg pris.

Bendit Cup Naustdal har i alle år gått av stabelen i september, og er for jenter og gutar i alderen 6-12 år. Dette gjer at cupen er ein fin avslutning av fotballsesongen for laga som deltek.

Bendit Cup Naustdal går over to dager, lørdag og søndag. Alle lag spelar sine kampar ferdig same dag.

Kampane vert spelt på Naustdal stadion, som blir delt inn i 5 (6) små baner, der alle laga speler 5er fotball. (4 utespelarar + keeper).

 Alle deltakarar får flotte premier frå BAMA. Premieutdeling føregår midt på stadion, der spelarane får sine velfortente premier på ein "høgtidlig" måte. Her vert det også tid for stolte trenarar, foreldre og andre til å fotografere dei håpefulle.